Søndag er det gudsteneste, årsmøte for kyrkjelyden og dåpsgudsteneste i Hornindal kyrkje. Vel møtt!
Søndag klokka 11 er det gudsteneste med nattverd i Hornindal kyrkje. Sokneprest Per Kristian Hovden Sætre leier gudstenesta og preikar over dagens tekst, Jesu ord frå Bergpreika om å byggje huset sitt på fast fjell. Morten Bollerud er ansvarleg for det musikalske, og Anne Lødemel Honningsvåg er klokkar.
Rett etter gudstenesta er det årsmøte for Hornindal sokn. Soknerådsleiar Christine Helgesen Haugen legg fram soknerådet si årsmelding og inviterer til samtale. Årsmeldinga kan de finne her. Av omsyn til smittevernet vert det i år eit årsmøte i enkle former utan servering, men det tek vi att til neste år.
Etter årsmøtet vert det ei eiga dåpsgudsteneste der to born vert borne til dåpen. Av omsyn til smittevernet er denne gudstenesta berre for inviterte, men heile kyrkjelyden gleder seg saman med dei to familiane og ynskjer til lukke med dagen!
Vel møtt i Hornindal kyrkje på søndag!