Med klokkeringing, fire høgtidsgudstenester og kyrkjekonsert feirar kyrkjelydane i Volda pinsehøgtida denne helga.
Høgtida startar etter kyrkjeleg rekning pinseaftan klokka 17.00. Då ringjer klokkene i alle kyrkjene inn høgtida frå klokka 17 til klokka 18. Det er meld godt vêr, så dette kan vere eit ypparleg høve til å samle familie og vener og halde i hevd den gamle tradisjonen med å brenne bål, eller pinsebrising, denne kvelden.
Pinsedag er det høgtidsgudstenester i fire av kyrkjene. I Hornindal er det gudsteneste ved Morten Bollerud og Per Kristian Hovden Sætre klokka 11. I Volda feirar kyrkjelyden gudsteneste under leiing av Bert Handrick og Kristian Myklebust til same tid. På kvelden vert det gudstenester i Kilsfjord kyrkje med Sætre og Bollerud klokka 19, medan Kristian Myklebust og Erlend Koppen held gudsteneste i Dalsfjord kyrkje til same tid.
Mange har valt å bere borna sine til dåpen denne pinsedagen. Av omsyn til smittevernet går dåpen framleis føre seg i eigne gudstenester. Til saman skal fem born verte døypte denne sundagen.
2. pinsedag inviterer songaren Magne Fremmerlid til konsert i Volda kyrkje klokka 18. Fremmerlid har med seg pianisten Bjørnar Myhr og fiolinisten Laurens Weinhold og framfører eit utval frå den nynorske salmeskatten. Meir om konserten og lenke til sida der ein kan kjøpe billettar, finn du her.
Det er ikkje påmelding til nokon av gudstenestene. Til konserten kan ein kjøpe billettar på nett på førehand eller i døra. For alle arrangementa gjeld er det likevel ei grense på hundre deltakarar av omsyn til smittevernet. I Hornindal og Kilsfjord får ein på grunn av kravet om to meters avstand plass til noko færre. Som elles den siste månaden oppmodar vi alle om å møte fram i god tid og vise tolmod medan kyrkjevertane viser dei frammøtte til plassane sine inne i kyrkja.
Bilete: Timon Wanner publisert på Unsplash