Grunnlovsdagen vert det gudstenester i alle kyrkjene i Volda kommune. I Dalsfjord og Austefjord vert det gudstenester utandørs ved kyrkjetrappa. I dei andre kyrkjene vert det gudstenester innandørs med førehandspåmelding. Vel møtt!
Det er gledeleg nok mogeleg å halde smittevernreglane og samstundes samlast til gudstenester 17. mai.
Utandørsgudstenester i Austefjord og Dalsfjord
I Austefjord og Dalsfjord ligg tilhøva godt til rette for å samlast til gudstenester utandørs. Reglane krev eit tydeleg avgrensa område og registrering av dei frammøtte. Kyrkjegardane ved desse to kyrkjene er godt eigna til dette. Sidan det då er lov med inntil 200 deltakarar, vert det ikkje påmelding til desse to gudstenestene.
Gudstenester med påmelding
I dei andre fire kyrkjene vert det gudstenester innandørs. Det vert dermed eit avgrensa tal tilviste plassar inne i kyrkja. For å fordele plassane rettferdig og utnytte kapasiteten så godt det let seg gjere, er det naudsynt med førehandspåmelding. Påmeldinga opnar måndag 10. mai klokka 12.00. Ein kan melde seg på ved å bruke skjema på denne nettsida, eller ved å vende seg til kyrkjekontoret på telefon 70 07 40 90.
Gudstenester 17. mai:
I Bjørke kyrkje klokka 10.00 er det gudsteneste ved sokneprest Per Kristian Hovden Sætre og organist John Inge Bjøringsøy. Påmelding her (frå 10.5).
Ved Austefjord kyrkje klokka 10.30 er det gudsteneste ved sokneprest Kristian Myklebust og organist Morten Bollerud. Austefjord hornmusikk tek del.
Ved Dalsfjord kyrkje klokka 10.30 er det gudsteneste ved sokneprest Ingrid Finsådal Bakke og organist Erlend Koppen.
Klokka 12.00 er det nasjonal festsalutt. Regjeringa oppmodar alle til å vere med og syngje "Ja, vi elsker" der ein er etterpå. Gudstenestene i Volda og Hornindal tek difor til 12.15. Dei som ynskjer å stå på kyrkjegarden og syngje nasjonalsongen er velkomne til det. Hugs tilrådinga om to meters avstand ved allsong!
I Hornindal kyrkje kl. 12.15 er det gudsteneste ved sokneprest Per Kristian Hovden Sætre og organist John Inge Bjøringsøy. Påmelding her (frå 10.5).
I Volda kyrkje kl. 12.15 er det gudsteneste ved sokneprest Kristian Myklebust og kantor Bert Handrick. Påmelding her (frå 10.5).
I Kilsfjord kyrkje klokka 12.30 er det gudsteneste ved sokneprest Ingrid Finsådal Bakke og organist Morten Bollerud. Påmelding her (frå 10.5).
(Biletet er teke av Dean Moriarty og delt på Pixabay)