Det vert "Lysvaken under open himmel" for alle som går i 5. eller 6.klasse på Hornindal skule den 6.mars. Ein skikkeleg kjekk kveld med fellesskap, bålkos, leikar, fakkeltog, utforsking av kyrkja, film og mykje meir! Sjølvsagt skal vi lære oss Lysvaken-songen også!
Lysvaken handlar om å vere lysvakne for kvarandre og Gud – og det skal vi finne ut meir om 6.mars!
Vi samlast ved bålplassen ved elva. Der skal vi leike oss og kose oss med mat frå båplpanna. Vi får lære om kva det betyr å vere "lysvaken". Frå bålplassen går vi i fakkeltog til kyrkja. Der vert det enda meir kjekt program og du lærer mykje nytt om kyrkja. Etterkvart snurrar vi film og kanskje vert det noko godt knask attåt?
Grunna smittevern kan vi diverre ikkje overnatte. Likevel skal vi kose oss, både ute og inne i kyrkja. Håper du blir med, du også! Meld deg på her innan 3.mars! Det kostar 50 kr å delta.
Lyst å høyre Lysvakensongen allereie no? Her er den!
Vi har ei eiga facebook-gruppe for Lysvaken i Hornindal 2021. Bli med i den og få oppdatert informasjon!
Til foreldra:
Vi skal ha med oss frivillige og konfirmantar som hjelper til på Lysvaken. Likevel treng vi også litt hjelp frå dåkke (og det kan vere kjekt for dåkke å vere fluga på veggen 😉). I påmeldinga ser de kva vi treng hjelp til. Ver snill og kryss av kva de kan hjelpe oss med. Tusen takk!
Vi gler oss til å sjå deg på LYSVAKEN UNDER OPEN HIMMEL!
kateket Constanze Lindner og sokneprest Per Kristian Hovden Sætre