Bli med på Dalsfjordleir


Bli med på Dalsfjordleir


Velkomne til å bli med på Dalsfjordleir, ein dagsleir for born frå 1. til 6. klasse. Leiren går av stabelen i første veka i sommarferien, 24. til 28.juni 2019. Vi har Dalsfjord skule som base, med kunstgrasbana, skog, fjell og fjord, ein flott leikeplass og mykje meir! I år dreier seg alt om temaet "Saman! Saman med Gud og saman med kvarandre". Borna vil få lære kjekke songar, dansar og spennande forteljingar om Gud og vi kjem til å kose oss med masse kjekke aktivitetar.  
 

Borna kan leverast frå kl. 08.00 og hente seinast kl. 16.15. Vi kjem til å vere ute det meste av dagane, så alle må ta med seg uteklede og eit ekstra skift kvar dag. 
Vi skal mange masse varierte aktivitetar som t.d.

Bading, baking, ballspel, leikar, skog- og fjelltur, sykkelmekking, song, båt og fiske, band, dans, redesign (sying), strikking, matlaging, drama, maleing og teikning og mykje, mykje meir! Borna vel aktivitetar dagen i forvegen. 
Sida det er leir på dagtid, overnatter borna heime. Men for dei eldste er det mogleg å overnatte frå torsdag til fredag. Set kryss ved påmelding dersom barnet ditt kan tenkje seg det.

Utan friviljuge, ingen leir. Mødre, fedre, sysken, besteforeldre, onklar og tanter, og naboar vert sterkt oppmoda om å melde seg som hjelparar ein dag eller to! De har mykje å bidra med og lære borna!

Unge ledarar: Born som er ferdige med 7. klasse, kan få vere med som hjelparar, ungdom føydd -05/-06 betalar kr 50,- pr. dag. Ungdom eldre enn dette kan få større ansvar og får derfor leiren gratis. Vaksne hjelparar er gratis.

Deltakaravgift: kr 150,- per person per dag. De kan melde på borna på heile leiren eller enkeltdagar. Syskenrabatt på 25%. Faktura vert tilsendt i etterkant av leiren. Ved påmelding etter 9. juni, legg vi på eit eingongsbeløp på 100,- pga. meirarbeid.

Følg påmelingslenka:

Påmelding deltakar (Fullført 1. klasse til og med 6.klasse).
Påmelding til unge leiarar (født i 2006 eller tidlegare).

 
Vi gled oss på kjekke sommardagar på Dalsfjordleir!

Tilbake