Nytt konfirmantopplegg i Hornindal


Nytt konfirmantopplegg i Hornindal


Her kan du lese meir om det nye opplegget for konfirmantane 2020 - 2021 i Hornindal.

Då nye Volda kommune vart etablert 1. januar 2020 fekk dette også konsekvensar for Den norske kyrkja: Storfjorden sokn og Hornindal kyrkjeleg fellesråd vart ein del av nye Volda kyrkjelege fellesråd. Vi i kyrkja ønskjer å halde fram med det gode arbeidet som har blitt etablert på Bjørke og i Hornindal. Samstundes vil det også komme endringar på einskilte områder, t.d. i konfirmantarbeidet. Volda kyrkjelege fellesråd har i fleire år hatt konfirmasjonstid frå oktober i 9.klasse til september i 10.klasse. Konfirmasjonsgudstenestene vert feira dei to første helgene i september i 10.klasse.

Konfirmanttida i kyrkja skal gje undervisning om den kristne trua og vere ein stad for å finne ut meir om eige liv og eiga tru. Her skal det vere rom for undring og samtale, oppleving og fellesskap. Vi ønskjer å møte den einskilde ungdomen med interesse og respekt for deira veg, og å formidle den kristne trua på ein meiningsfull måte. Vi legg opp til variasjon både i tema og opplegg, slik at konfirmantane får eit godt møte med kyrkja dei er eller skal bli døypte inn i.

 

Undersøkingar gjennomført i Norden og fleire europeiske land viser at når konfirmantane sjølve skal evaluere konfirmantåret er det særleg ein ting som er avgjerande for i kva grad dei har opplevd året som meiningsfullt og kjekt: Det er konfirmantleir. Stadar som har satsa meir på leir har meir nøgde konfirmantar. Dette samsvarar med erfaringane vi har sjølv har gjort dei siste to år. Volda konfirmantane har hatt leir over 4 døgn på Kjeldsund ungdomssenter. Leiren gir ei anna og betre ramme for ei heilskapleg undervisning, og ikkje minst for fellesskap og erfaringar i lag undervegs i leiren. Dermed blir det også færre undervisningssamlingar i løpet av skuleåret. Med det er lettare for ungdomane å integrere konfirmanttida i ein elles travel kvardag med skule og fritidsaktivitetar.

 

Tidspunktet for leiren vert siste veka i sommarferien før 10. klasse, altså mot slutten av konfirmanttida. Då har ein allereie blitt kjende med kvarandre over litt tid. Vi ser også at det kan vere positivt for mange med ein slik aktivitet i løpet av ein lang skuleferie.

Konfirmanttida vert likevel ikkje vesentleg lenger, sidan vi startar opp først i oktober/november. Haust- og vinterferie vert utan obligatorisk konfirmantaktivitet. Sjølve konfirmasjonen finn stad den andre helga i september.

 

I Hornindal og mange andre stadar på Vestlandet har det dei siste 50-60 åra vore tradisjon for å ha konfirmasjonen om våren. Rundt om i landet varierer det kva tid ein har konfirmasjon. Vi har i Volda har samla gode erfaringar med omlegginga av konfirmanttida. Sjølv om både ungdomane og ikkje minst ein del foreldre var skeptiske i starten, fekk vi i gjennomgåande positive tilbakemeldingar etterpå. Konfirmanttida opplevast som kjekt, lærerikt og sosialt – og enkelt å gjennomføre i ein travel kvardag. Konfirmantleiren er sjølvsagt høgdepunktet!

 

Vi ønskjer å informere både ungdomane og føresette om konfirmanttida i eit eiget møte onsdag 10.juni 2020, kl 18 i Hornindal kyrkje.

Med omsyn til gjeldande smittevernsreglar bed vi om at konfirmantane møter med berre ein føresett. Ikkje møt opp viss du er sjuk eller viser symptom for luftvegsinfeksjon. Referatet frå møtet vil vere tilgjengeleg på heimesida www.volda.kyrkja.no. Meir informasjon om konfirmanttida finn de også i vedlagte brosjyre.

 

På vegne av staben ved Volda kyrkjekontor

Constanze Lindner, kateket

Kristian Myklebust, prest

Jostein Stråbø, kyrkjeverje

Tilbake