Barnekoret på Uppheim


Barnekoret på Uppheim


I Volda har vi barnekor! Alle barn frå ca. 3 år og oppover er velkomne til å bli med i «Barnekoret på Uppheim»! Me har øvingar annakvar torsdag kl. 17.45, og fokuset ligg på songglede og sosialt samspel.

Dette er eit lågterskel-tilbod, som er ope for alle barn frå ca. 3 år og oppover. Me syng kristne songar og andre songar, og fokuserer på songglede og sosialt samspel. Koret øver i storsalen på Uppheim torsdagar i partalsveker kl. 17.45 – 18.30.

Barnekoret er ein del av kyrkjelyden sitt barne- og kyrkjemusikalske arbeid, og i løpet av året syng me på enkelte gudstenester, på Fjordsyn og på dei to basarane på Uppheim. Følg oss på Facebook-sida "Barnekoret på Uppheim" for informasjon og oppdateringar. 

Koret vert leia av Marte Drabløs Auguste, Anne-Marit Bae, organist Erlend Koppen og diakoniarbeidar Beate Skorpen.

Første øving etter sommarferien er torsdag 21. august 2025. Håper me sjåast då!

 

Beste helsing leiarane, Volda sokn og Volda KFUK-KFUM.

Tilbake