Bli med å bygge ei kyrkje - på Minecraft!


Bli med å bygge ei kyrkje - på Minecraft!


Den norske kyrkja sin eigen Gamingprest - ja, han finst! - inviterer til Churchcraft - konkurranse. Dette er ein Minecraft-byggekonkurranse frå 3. til 17.april. Målet er å bygge den finaste kyrkja på Mincraft. Etter den 17.april kan alle vere med i ei avstemning på Gamingpresten sin Youtube-kanal og kåre den beste kyrkja. Vinnaren av konkurransen får ein shoutout på kanalen og på Facebook, og får delta i ei spesialepisode med GamingPresten.
Vi i Volda vil stille med eit lag (minst). Har DU lyst til å vere med ?  

Vi i dei 6 kyrkjelydane i Volda vil stille med minst eit lag. Då må me ha minst 6 deltakarar innan laurdag 4.april kl 18. Sjølv om konkurransen allereie er i gang, får dette til! Alle som er påmeldt her er eit lag. Laget bygger ei kyrkje saman fram til 17.april. Alle deltakarar vil då få tilsendt lenka til Minecraft-serveren der dåkke som lag skal bygge kyrkja på. Det skjer sjølvsagt i kreativ modus på Minecraft.
Seinast 17. april, sender laget inn en 30-sekunders “fly by”-video (oversiktsvideo) av den kyrkja laget har bygga. Viss vi vert veldig mange, kan det hende vi kan dele opp i fleire lag. Då sender kvart lag sin eigen video. Videoen vert lagt ut på YouTube-kanalen GamingPresten.
I løpet av veka etterpå skal folk stemme fram den kyrkja dei synast er best. Den som får flest “likes” er vinnaren av konkurransen!

Slik kan du bli med på Churchcraft: Snakk med dei vaksne i huset og be dei om å melde deg på her: Påmelding til Churchcraft 2020.
Du vil då få ei lenke til serveren og starte med å bygge. Sida dåkke skal vere eit lag, er det viktig å samarbeide, bli einige om kor de vil at bygget skal sjå ut osv. De kan bygge på fleire prosjekt. Men dåkke kan berre sende inn video av EITT bygg til slutt.
Under finn du litt betre forklaring og reglane for opplegget!
Eg gler meg til dette og håper at mange blir med!

Helsing,
Constanze Lindner
Kateket

Regler for ChurchCraft (frå sida Gamingpresten på facebook)
1.Det skal bygges i kreativ modus.
2 Alle ungdommer/tweens som vil være med på serveren skal få være med.
3.For å melde seg på, må det også registreres en kontaktperson
  som enten er ansatt eller er frivillig i menigheten og som er over 18 år. (For vårt lag er det Constanze Lindner)
4.Vi spiller i Bedrockversjonen.
5.Det er lov å bygge flere forskjellige versjoner av kirkene på en server, men det kan kun sendes inn en kirke fra hver menighet som bidrag i konkurransen.
6.Konkurransen starter onsdag 1. april og varer til og med 17. april.  I løpet av 17. april må alle bidrag til konkurransen være sendt på Wetransfer til gamingpresten.
7. Alle bidrag publiseres på YouTubekontoen https://www.youtube.com/c/GamingPresten
8.I løpet av den påfølgende uka skal det stemmes over hvem som har den fineste kirken. Dette gjøres ved å klikke «like» på videoen. 9. Det bidraget som har flest likes i løpet av en uke, har vunnet konkurransen.

Tilbake