Joh. Seb. Bach: Juleoratorium 1-4


Joh. Seb. Bach: Juleoratorium 1-4


Tradisjonen tru skal Sunnmøre Oratoriekor saman med fire unge solistar og Sunnmøre Kammerensemble framføre Bach sitt storslagne Juleoratorium i Volda kyrkje laurdag 12. desember 2026 og i Ålesund kyrkje søndag 13. desember.

«Det er jo så kjekt at dette har blitt ein tradisjon», fekk aktørane høyre frå publikummet etter fjorårets framføring av verket. Og dei har rett i det. Finns det noko betre å byrja jula enn med den finaste musikken ein kan tenkje seg til Juleevangeliet, nemleg Johann Sebastian Bach sitt Juleoratorium?

No er det snart tid igjen for å kunne høyre på dette flotte, storslagne verket. Sunnmøre Oratoriekor inviterer saman med songarar frå både Borgund kyrkjekor og Spjelkavik kyrkjekor til Volda kyrkje og Ålesund kyrkje laurdag og søndag i 3. adventhelg. Med seg har kora fire stort sett unge lokale songstjerner og eit samstemt Sunnmøre Kammerensemble.

I år vert dei fire første delane av Juleoratoriet framført. Dei fortel om hendingane rett før og etter Jesu fødsel, mens den fjerde delen fortel om tida der Jesu fekk namnet sitt og skulle bli omskåra som det var og er skikk blant jødane. Tekstgrunnlaget for forteljinga er Lukas-evangeliet som vert sitert etter Martin Luther si omsetjing til tysk. Bach brukte gjerne originale bibelsitater som grunnlag i sine kyrkjemusikkverk. Desse tekstane sto som regel i samsvar med høgtidsgudstenesta si lese- eller preiketekst. Tenorsolisten si oppgåve er å presentere desse tekstane i resitativform, akkompagnert berre med cello og orgel. I ei anna resitativform og i ariar vert desse bibeltekstane reflektert over og overført i vår tid. Kjensler og tankar kring innhaldet som vi alle kan ha i ulike livssituasjonar, vert vekka i oss. Vi som lever i dag, vert så ein del av denne forteljinga. På denne måten vert heile juleevangeliet levande att – her og no. Det er den store kunsten som har gjort at Bach sitt Juleoratorium har vore så populær over heile verda og i mange, mange år. Koret si oppgåve er å vere ein del av det jublande folket som vil helse sin frelsar velkomen, eller representerer gjetarane på Betlehemsmarka eller den store englehæren som jublar «Ehre sei Gott in der Höhe - Ære vere Gud i det høgste».

Solistane som er med i år, har stort sett lokal tilknyting. Sopransolist er den unge lovande songstjerna Louise Engeseth som har sitt opphav i Volda. Ho er mastergradstudent ved operaakademiet i København  og har allereie vunne mange prisar for sin songkunst. Hennar tidlegare studiekollega frå tida på Grieg-akademiet i Bergen, Maria Haukenes Malmedal, skal syngje altpartiane. Ho har vore med oss i framføringa for to år sidan og blei godt likt både blant publikummet og koristane gjennom si kjenslelada tolking av ariane. Tenorsolisten er Magnus Fremstad som har utdanning frå Musikkhøgskulen og Operahøgskulen i Oslo. Han er ein prislønna og ettertrakta solist og har jobba saman med ensemble som Kilden Vokalensemble, Vokal Nord og Det norske solistkor. Trass sin unge alder, har han eit stort repertoar både innan opera og kyrkjemusikk – frå Händel, Bach og Mozart til Schubert og Cimarosa. Og så har vi med oss Sakarias Fredriksen Tranvåg som bass-solist. Han har slekt i Ørsta og har si musikkutdanning frå Barratt Due og Operaakademiet ved Det Kongelege Teater i København. Han har etablert seg internasjonalt både som operasongar og oratoriesolist og merittlista hans er lang.

Musikarane i Sunnmøre kammerensemble er stort sett også lokale og har vore med tidlegare også. Ein kan nemne fiolinsolisten og konsertmeisteren, Øystein Salhus. Han er utdanna fiolinist og musikkterapeut og jobbar ved Høgskulen i Volda. Han skal mellom anna spele solo med den unge og talenterte fiolisten Tymur Baraban som kom hit frå Ukraina for tre år sidan. Cellisten som skal akkompagnere tenoren i sine resitativ, er Brage Botn Seim. Han har vakse opp i ei musikalsk familie som har røter i Volda. Organist i år er Robert Clark, organist i Vanylven, som skal akkompagnere tenorsolisten under evangelieforteljingane sine og elles i verket. Fløytistane Oskar Slettfjerding og Yuri Hashimoto frå Ålesund og oboistane Eirik Sletteberg, Jarl Eivind Aspen, Lluis Calm Vidal og Aurora Remme har soloroller i ulike satsar. Trompetistane Anders Farstad frå Volda, Leif Atle Strand og Ylva Torine Thon (begge frå Ørsta) saman med Magnus Botn Seim (bror til cellisten Brage) på paukene skal løfte den jublande musikken opp mot taket. I fjerde delen spelar to hornistar med: Tor Haram og Gaute Aamlid, begge frå Ålesund-traktene. Og så har vi med den trufaste strykargruppa med Till Handrick og Henri Gustav Eftevand (fiolin), Nikolai Remme, Inna Svendsen (bratsj), Sylvia Baier Evensen (cello) og Torleif Remme (kontrabass) som dannar fundamentet og karakteristikken i orkesteret.

Sunnmøre Oratoriekor har jobba i Volda kyrkje med førebuinga under leiing av kantor Bert Handrick sidan oktober. Han står for dei samlande øvingane med koret og orkesteret i forkant og direksjon av konsertane.

Innbyggjarane på Sunnmøre og gjestane deira kan gle seg til ei praktfull framføring av eit jublande verk rett før julehøgtida skal senke seg i hjartane våre. Ein finare overgang frå advents- til juletida finns truleg ikkje – musikalsk sett. Om ein vil sikre seg billetten i forkant, så kan ein gjere det allereie på VIPPS (søk «Sunnmøre Oratoriekor – konsertbillettar», vis fram kvittering på mobilen i døra). Velkomen skal alle vere!

 

Laurdag 12. desember 2026 kl. 18.30 - Volda kyrkje

Søndag 13. desember 2026 kl. 18.00 - Ålesund kirke

 

Billett: NOK 400,- (gratis for born under 16 år) - Forhandssal på VIPPS (Sunnmøre Oratoriekor)

Tilbake