20. september klokka 19.30 på Uppheim er det klart for ny temakveld. Kva skal til for at eg går til gudsteneste? Det blir sofaprat med Eveline Sørheim og Ingunn Blindheim.
I serien av temakveldar på Uppheim tek vi denne gongen føre oss gudstenesta under overskrifta «Når vi møtast» - Kva skal til for at eg går til gudsteneste? Vårt lutherske kyrkjesyn seier at kyrkja er nettopp forsamlinga av truande om Guds ord og sakrament. Idealet er at hit kjem folk av ulik alder og bakgrunn til eit møte med Gud og kvarandre, med ein liturgi som rommar det meste av menneskelivet.
Trass tendensen den siste tida med auka interesse for gudsteneste i den yngre generasjonen, så er det førti år sidan gjennomsnittstalet ved ei gudsteneste i Volda kyrkje var ca. 250, og eit talrikt Ten Sing hadde parolen: Søndag er kyrkjedag! og sytte for ei forsamling med fleire generasjonar. Det kan verke som at ein generasjon eller to no er fråverande i gudstenesta til vanleg. Ligg det ei utfordring her?
På temakvelden 20.september tek vi opp spørsmål i denne gata, og stiller spørsmåla både til oss sjølve og til gudstenesta. Kva er det som gjer at eg møter opp, eller: kva skal til for at eg skal kome? Bør der vere opning for det spontane? Kva skal til for at fleire generasjonar, heile familien, kan «ha ein heim i Guds kyrkje på jord» - i Volda.
For å trigge desse og fleire spørsmål vil Torstein Drabløs snakker med Ingunn Blindheim og Eveline Sørheim i sofaen om temaet. Ingunn Blindheim er ein vestlending med austnorsk talemål som har sans for både tradisjonar og nytenking. Ho synest at kyrkja bør ha rom for spørsmål og refleksjon, i møte med heile mennesket og deira liv. Eveline Sørheim er ein sveitsar som flytta til Norge. I bagasjen hadde ho kjærleik til Torbjørn og salme 23: Herren er min hyrding.
Denne gongen tek vi inn spørsmål og innspel frå praten kring borda. Sokneprest Per Kristian gir respons og deler sin visjon om gudstenesta som møteplass.
Vi startar med kaffi og te og noko lite å bite i.