Slik vert gravferdsdagen i Volda


Slik vert gravferdsdagen i Volda


I høve gravferda til Hans Majestet Kong Harald, onsdag 9. september, vil alle landets kyrkjer innleie eitt minutts stillheit klokka 13.00 med tre klokkeslag. Minuttet vert avslutta med tre nye slag klokka 13.01. Dette vil også skje i alle kyrkjene i Volda.

Etter gravferda i Oslo domkirke vert det ein privat seremoni i Akershus slottskirke. Etterpå vil Forsvaret skyte dobbel kongesalutt, før alle landets kyrkjeklokker vil ringe samanhengande i éin time.

Samtidig vil dei kyrkjene som har flaggstang heise flagga til topps.

Open kyrkje

Det vil også vere open kyrkje i Austefjord frå 16.30 til 17.30 gravferdsdagen.

«Kjærleikens Gud! Vi takkar deg for Kong Harald, hans liv og hans teneste for folk og fedreland. Vi overgjev han i dine hender Gud og ber om velsigning, kraft og styrke for kongefamilien som no sit att med minner, sorg og sakn. Gud vi bed.»

Tilbake