Søndag vert Constanze Günther vigsla til prest


Søndag vert Constanze Günther vigsla til prest


Søndag 21. juni klokka 16.00 blir det stor festdag i Hornindal kyrkje. Då vert Constanze Günther (50) vigsla til prest av biskop Ingeborg Midttømme. Samtidig går ho inn som sokneprest i Hornindal, Austefjord og Storfjorden sokn – sokna der ho dei siste åra har arbeidd som prest under utdanning.

– Eg gler meg stort. Det blir ein festdag ikkje berre for meg, men også for kyrkja. Eg ser fram til å få vere prest på ordentleg, for menneska i sokna, seier Günther.

Ho har vore vigsla kateket i mange år, men kjende på eit ønske om endring. Då prost Ingeborg Matre i 2021 spurte om ho ville gå inn i prestestilling ein periode i Volda og etter kvart på Vartdal, kom det nærast som eit svar på eit spørsmål ho hadde bore lenge. Dei siste åra har ho difor studert ved sidan av jobb, gjennom ordninga «prest under utdanning» i Den norske kyrkja.

Frå Tyskland til Volda

Opphavleg kjem Günther frå Tyskland. Men historia hennar i Noreg går heilt tilbake til 1992, då ho som utvekslingselev budde eit skuleår på Skedsmo utanfor Oslo hos ein familie ho framleis har kontakt med.

– Det var ei veldig fin familie eg kom inn i, og dei kjem faktisk også og blir med på vigslinga på søndag. Det set eg stor pris på, seier Günther.

I 2006, då ho var i foreldrepermisjon med det første barnet sitt, vart kateketstillinga i Volda lyst ut.

– Det vart eit vegskilje for oss. Det vart eit no eller aldri. Vi hadde vener både på Austlandet og i Ulsteinvik, så det stod mellom Oslo-regionen og Sunnmøre. Vi landa på Sunnmøre, og det har eg aldri angra på. Eg likar folka og naturen, og i staben kjende eg meg velkomen frå dag éin, seier ho.

Full av lovord

Som sokneprest ser Günther mest fram til å vere meir til stades for folk i sokna og kollegaer, og å få vere med på å byggje kyrkja vidare.

Prost Ingeborg Matre er full av lovord om Günther.

– Dette vert ein stor dag for kyrkja. Günther har vist mot, endringsvilje og tenestevilje over mange år. Og eg trur utdanninga treff mange som tidlegare kan ha sett på det som vanskeleg å verte prest. Eg har sjølv vore første kvinne mange stadar, og møtt mange motbakkar. Men det har skjedd ei stor endring i kyrkja, og i dag er det ikkje kontroversielt å vere kvinneleg prest lenger. Det er snarare ønskt velkomen for å få ein større breidde mellom prestane. På søndag er vi klare for å heie på Constanze, seier Matre.

Under vigslingsgudstenesta deltek koret Fasong, medan soknerådsmedlemmar frå sokna også skal bidra. Etter gudstenesta vert det utvida kyrkjekaffi i Grosalen på Grodås.

– Eg håper mange vil ta turen på søndag, seier soknepresten som frå søndag av kan kalle seg nettopp det – på ordentleg.

Fakta

Hornindal kyrkje, søndag 21. juni kl. 16.00. Constanze Günther vigslast til prest av biskop Ingeborg Midttømme, og går inn som sokneprest i Hornindal sokn og Austefjord og Storfjorden sokn. Utvida kyrkjekaffi i Grosalen på Grodås etter gudstenesta.

Tilbake