Volda KFUK-KFUM speidarar og Volda kyrkjelege fellesråd samarbeider med ein tysk og to belgiske organisasjonar om ungdomsutvekslingar med tema friluftsliv og demokrati. Vi har framleis ledige plassar. Dersom du er i alderen 15 - 17 år og finn dette interessant, meld deg på ved å bruke påmeldingsskjemaet.
Har du spørsmål ta kontakt med:
- gruppeleiar Thilo Lindner tlf. 46844098
- kyrkjeverje Jostein Stråbø tlf. 91663549.
Kvart land har 8 deltakarplassar slik at det totalt vert 24 deltakarar i alderen 15-17 år. Speidarane og deltakarane på MILK-kurs har prioritet. Deltakarane må forplikte seg til å vere med på alle tre utvekslingane, møter og praksisoppgåver. Prosjektet er støtta av Erasmus+ Ungdom. Hovudfokus for ungdomsutvekslingane er friluftsliv og demokrati. Målet for utvekslingane er å lære meir om ulike aktivitetar på ulike årstider, overnatting ute, matlaging ute og overlevingsteknikkar. Vidare skal deltakarane lære om gruppeprosessar og utforske demokratiske avgjerdsprosessar.
Deltakarane skal auke kunnskapen sin og kunne leie andre på turar og aktivitetar i naturen. Etter andre utveksling skal kvar av deltakargruppene arrangere ein tredagars leir for andre ungdomar der dei bruker kunnskapen frå utvekslingane.
Arbeidsspråket på ungdomsutvekslingane er Engelsk så dette er òg eit godt høve til å praktisere og bli tryggare på å bruke Engelsk. Vi vil ha med to norske gruppeleiarar på alle utvekslingane.
Ungdomsutveksling 1: 25. - 31. juli 2026 i Tyskland
Kanotur over fleire dagar med overnatting på ulike leirplassar
Samlinga er lagt til eit innsjøområdet nær Schwerin i Mecklenburg nord i Tyskland.
Fokus på: Friluftsliv, vatn, kano og leirliv
Ungdomsutveklsing 2: 28.12.2026 – 04.01.2027
Vinterleir i Norge på Fagerhøi, Gudbrandsdal leirskule i Sør-Fron.
Fokus på: Friluftsliv, vær, vinter, ski og overnatting ute
Praksisoppgåve i perioden januar - juli 2027
Deltakarane frå kvar land skal utvikle sitt eige program for ein tredagars leir for andre ungdomar. Denne leiren skal gjennomførast i 2027, før den siste ungdomsutvekslinga.
Ungdomsutveklsing 3: 25. - 31.juli 2027 i Belgia
Sommaraktivitetar skogen
Samlinga vil bli delt med nokre dagar på kvar av to ungdomssenter i Belgia, Centre Loryhan i Botassart og Le Fagotin i Stoumont
Evaluering av tredagars-leiren dei nasjonale gruppene har gjennomført
Fokus på: Friluftsliv, skog, evaluering og idear til framtidige samarbeid
Etter siste ungdomsutveksling:
Alle deltakarane får YouthPass som ein dokumentasjon på deltakinga i Erasmus+ prosjektet.
Nasjonalgruppene har eit siste møte for å evaluere heile prosjektet og for å tenkje ut idear til nye samarbeidsprosjekt.
Eigenbetaling
Prosjektet er støtta av Erasmus+ Ungdom som dekkjer det meste av kostandane. Reise, opphald og mat vert dekkja. Det er ei deltakaravgift på €300 ( for tida kr. 3.250 ) som dekkjer deltaking på alle dei tre ungdomsutvekslingane. Dette vert kravd inn lokalt i kvart land.
Utstyrsliste
Det vert utarbeidd utstyrsliste for kvar utveksling.
Førebuande møte
Før første utveksling vert det halde eit lokalt møte for den nasjonale gruppa og eit internasjonalt Zoom-møte for alle deltakarane. Desse møta er ein del av førebuinga av utvekslinga
Påmelding
Meld deg på ved å fylle ut påmeldingsskjemaet