Velkomen som konfirmant 2026/2027!


Velkomen som konfirmant 2026/2027!


Vil du vere konfirmant i Den norske kyrkja i 2027? Då er du velkomen til informasjonsmøte i juni!

Informasjonsmøte

Vi ynskjer alle som er fødde i 2012 med foreldre velkomne til informasjonsmøte om konfirmasjon. Alle medlemmer får også brev med invitasjon i posten på folkeregistrert adresse.

Følgjande datoar er sett opp for infomøte:

Hornindal: 9 .juni kl. 18.00-19.00 i kyrkjelydsstova på Gro-bygget

Volda, Dalsfjord og Kilsfjord: 10.juni kl. 18.00-19.00 på Uppheim i Volda

Dei frå Austefjord møter der dei går på skule.

 

Påmelding

Påmeldinga skjer på nett. Påmeldingsskjemaet er felles for alle sokna og opnar onsdag 10. juni klokka 19.00. Lenke til påmeldingsskjema vert lagt ut i forkant. Påmeldinga er open fram til 20. august. Når påmeldingsfristen går ut, byrjar vi arbeidet med å setje opp grupper og gå gjennom planen for konfirmasjonsgudstenestene i 2027. I løpet av kort tid etter fristen får alle påmelde ein e-post med oppdatert informasjon. 

 

Konfirmasjonsdatoar 2027

Volda: Laurdag 4. september og laurdag 11. september (kl. 11.00 og kl. 13.00 begge dagar)

Kilsfjord: Laurdag 4. september

Dalsfjord: Søndag 5.september

Hornindal: Laurdag 11. september

Austefjord: Laurdag 11. september

 

Kontakt

Kontaktinfo til kyrkjekontoret og alle våre tilsette finn de her. 

 

Vel møtt til konfirmantåret 2026/2027!

Tilbake