Vel møtt til temakveld under denne overskrifta på Uppheim søndag 1. mars kl. 19.30! Ralph Meier og Per Erling Parr Sætre samtalar med Ingeborg Nygjerd - og praten held fram ved borda.
Vi lurer på: Kan Gud ta direkte kontakt med oss i dag? I så fall: korleis kan vi merke det?
Det hender at nokon seier: «Gud sa til meg». Høyrer dei klart og tydeleg Gud si stemme, eller er det meir som ein indre tiltale? Kva med dei som kjenner seg leia av Gud til å gjere noko? Kan dei vere sikre på at det ikkje berre er eiga drivkraft? Kan ein i det heile teke vite skilnaden på det tilfeldige og det «gudfeldige», på bønesvar og flaks, på Guds stemme og eiga stemme?
Ralph Meirer og Per Erling Parr Sætre vil dele av sine tankar og personlege erfaringar rundt dette med å vere lydhøyr for Gud.
Ralph Meier er teolog og instituttleiar ved Institutt for religion og livssyn ved Høgskulen i Volda. Han har også vore prest både i Tyskland og Norge. Å vere kristen er for han ein relasjon med Gud, og han har erfart at Gud taler og svarer på bøner på ulike måtar.
Per Erling Parr Sætre kjem frå Sætre i Dalsfjord. Han er rektor på Volda ungdomsskule, og på fritida ein familiemann som m.a driv med litt forkynning og song i kristne samanhengar.
I ung alder fekk han eit sterkt og overnaturleg møte med Gud som sette djupe spor, og som opna opp eit rom for tru på at Gud elskar han og vil ha fellesskap med han. At Gud kommuniserer har i følgje Per Erling blitt ein ‘overnaturleg naturleg’ del av hans trusliv, og noko han trur Gud ønskjer for alle menneske.
Desse to blir det garantert verdt å lytte til.
Kvelden startar med at ein forsyner seg med kveldsmat som ein kan kose seg med både før og under samtala på scena. Etter samtalen vil det bli tid til vidare prat ilag rundt borda om kva tankar og erfaringar ein har sjølve.
Hjarteleg velkomne til Uppheim!