Fellesmøteveka 2026


Fellesmøteveka 2026


Frå torsdag 22. til søndag 25. januar er det igjen til for fellesmøte i Volda. Vel møtt til fellesskap på tvers av kyrkjelydsgrensene!

I mange tiår har kyrkjelydar i Volda i ei veke kvart år sett fokus på det som samlar og møttest til felles bøn, lovsong, forkynning og nattverdfeiring.

I år har Pinsekyrkja invitert hovudtalaren, Ingar Levi Jensen. Han er til dagleg seniorpastor i Innlandskirken Livets senter. Han vil tale over temaet «Jesus, vår prest, herre og byggmester» i ein serie som går over alle fire møta.

Frikyrkja, Betel, Den norske kyrkja og Pinsekyrkja har i år ansvar for kvar sitt møte. I opningsmøtet torsdag kveld tek også Volda gospelkor del. Alle møta er i Pinsekyrkja, på kvelden klokka 19.30 dei tre fyrste dagane og klokka 11 søndagen. Møta vert også strøymde på Facebook for dei som ynskjer å følgje med heimerfrå. Det er bøn før møta, høve til forbøn undervegs, og mat og sosial samling etterpå. Søndag vert det også eit eige opplegg for borna tvers over vegen på Uppheim.

Som tilskiparar ynskjer vi alle vel møtt til å ta del i ei veke med kristent fellesskap på tvers av kyrkjelydsgrensene. Ser deg på fellesmøta!

Tilbake