Open dåps- og vigselsdag


Open dåps- og vigselsdag


Ynskjer de å gifte dykk? Eller å døype den yngste? Og så er det noko som kjem i vegen for å gå i gang med planlegginga? Då har vi løysinga! Valentinsdagen 14. februar har vi open dåps- og vigselsdag etter drop-in-prinsippet i Volda kyrkje. Ein treng berre litt papirarbeid på førehand – resten tek vi når de møter opp i kyrkja. Velkomen til feiring hos oss – heilt enkelt, like stort!

Velkomen til open dåps- og vigselsdag i Volda kyrkje på valentinsdagen, laurdag 14. februar! Denne dagen kan alle som ynskjer, møte opp i kyrkja for å verte døypt eller vigde. Berre litt planlegging er naudsynt, og så er det opp til dykk kor mange gjester de vil invitere og kva slags feiring de vil ha vidare. Så stiller vi med festpynta kyrkje (vi takkar Aarflot blomster for samarbeidet her), prest, musikarar og det som elles trengst. Soknerådet stiller med kake. Dette er heilt enkelt - like stort!

Dei som ynskjer å gifte seg, må ha prøvingsattest frå Skatteetaten på førehand. Denne stadfester at paret kan gifte seg etter norsk lov. Rettleiing og skjema finn de på Skatteetaten sine sider. Det kan ta litt tid å få ein slik, så søk no og ha papira klare. Har ein med ein slik til kyrkja denne dagen, ordnar vi vigsel! For å få ein slik attest, må ein også ha erklæringar frå to forlovarar. Om ikkje forlovarane er med i kyrkja, kan vi stille to vitne så handlinga vert juridisk gyldig.

Dei som ynskjer dåp, må ha med fødselsattest eller annan identifikasjon.

Klokka 12 startar vi dagen med ei dåpsgudsteneste der det er mogeleg å melde seg på førehand. Det kan de gjere her. Samstundes sit fleire prestar klare til å ha samtalar med dei som kjem. Både dåpsfolk og brudefolk får ein samtale med presten, der ein ordnar alt som er naudsynt av papirarbeid, og så går dåps- og vigselshandlingane kontinuerleg utover ettermiddagen.

Dersom de ynskjer å avtale ei tid på førehand, er det også mogeleg ved å kontakte kyrkjekontoret – følg med her for oppdateringar om oppmøtetid.

Velkomen til feiring i Volda kyrkje – heilt enkelt, like stort!

Tilbake