«The Circle of Life» - invitasjon til nytt korseminar


«The Circle of Life» - invitasjon til nytt korseminar


Sunnmøre Oratoriekor inviterer til eit nytt korprosjekt der vi skal øve og framføre eit nyskrevet korverk som er inspirert av fleire stilartar - filmmusikk, popmusikk for kor, neoromantikk og samtidsmusikk. Komponisten er oratoriekoret sin dirigent Bert Handrick, og verket har tittelen «The Circle of Life» - A Short Mass for Mixed Choir, Piano and Organ, op. 41.

Dona nobis pacem. - Herre, gje oss fred. (utsnitt frå partituret)

Det var nedstengning i heile landet i 2020 der pandemien herja på siste verste, og folk flest satt heime og jobba heimekontor. Det gjekk også utover musikarane som måtte finne nye arbeidsmåtar. Kanskje hugsar vi YouTube-videoene med orkesterframføringar der musikarane satt i kvar sin heim og spelte samtidig eit stort og kjent verk - koordinert via digitale hjelpemiddel som styrte tempo og uttrykk. Veldig imponerande, men ikkje det same som å oppleve verket framført i ein konsertsal.

Litt enklare var det då å vere komponist. Å skrive musikk blir jo uansett oftast til med å setje seg ved skrivebordet og byrja å skrive på ein ny komposisjon. Nettopp det gjorde Bert då han brukte tida i 2020 og 2021 for å skrive denne messa som fekk tittelen «The Circle of Life» - kvasi som ei påminning om at livet ikkje er noko som ein kan ta for gitt. Livet er ei gåve, det er skjørt og sårbart, men det tek ikkje slutt trass i alt som kan vere vanskeleg. Livet står i eit større, universelt perspektiv. Det går i sirkler: det startar på eit punkt, passerar ulike faser der det levande vesenet samlar innsikt - alltid påverka av inflytelsar utanfrå - for så å nå visdom som oftast og merkeleg nok kjem heilt mot slutten av livet. For så å starte på nytt i ein ny generasjon. Det er liksom ein film som passerar foran augo våre samtidig mens vi alle er aktørar i denne filmen.

Verket har fått fleire ulike «varianter»: opphavleg er det skreve for 12-stemt kammerkor og piano der koret kan eksperimentere med ulike oppstillingar for å få fram akustiske effekter. Variant 2 er ein orkestrering for stort symfoniorkester utan kor. Den siste varianten som vi skal prøve oss no i dette prosjektet, er laga for oratoriekor, piano og orgel.

Orgelet har kome til pga. restaureringsprosjektet som pågår på galleriet i Volda kyrkje med trinn 1 - den nye digitale spelepulten som i seg sjølv er eit digitalt (interims-)orgel som skal brukast inntil pipeorgelet på galleriet er ferdig restaurert. Gjennom inkluderinga av dette digitale orgelet brukar verket heile kyrkjerommet: koret og pianoet står framme ved kortrappa og orgelet på galleriet rammar inn publikummet bakfrå. Med den fantastiske akustikken som Volda kyrkje har, kan dette bli ei unik klangoppleving for dei som vil kome på konsert - og sjølvsagt også for alle utøvarane.

Koristane som vil melde seg på, vil få ei heilt unik oppleving av ei klangverd som høyrer stilen til slike komponister som Morten Lauritsen, Ola Gjeilo og Dan Forrest til. Alle desse tre skriver musikk med stor sans for romklang, overraskande harmoniske vendingar samtidig som den er grenseoverskridande mellom «klassisk» og «populær» musikk. Dvs. at også unge korsongarar som i hovudsak har vekse opp med popmusikk, vil kjenne seg igjen i klangspråket til «The Circle of Life».

 

Er du interessert i å vere med på prosjektet?

Meld deg på via e-post til:

kantor@volda.kyrkja.no

og skriv kort om deg i meldinga:

  • fornamn, etternamn
  • mobilnummer
  • e-post-adresse
  • stemmegruppe du høyrer til (sopran, alt, tenor eller bass - gjerne konkret om du er f.eks. sopran 1 eller sopran 2 osb.
  • kort om di korerfaring (namn til kor du er med i / har vore med i)

 

Notane (pdf-filer) ligg til nedlasting HER. (kjem etterkvart)

 

Treng du eit første inntrykk til verket før du bestemmer deg?

Her ligg videoene til alle fire satsane. Du kan lese med notane mens du høyrer på musikken.

MERK: Lydbilete er framstilt digitalt via noteskriveprogrammet SIBELIUS.

1. Creation (Kyrie eleison)

Bert Handrick: The Circle of Life, A Short Mass for Mixed Choir & Piano, part 1: Kyrie

2. At the Zenith of Strength (Gloria)

Bert Handrick: The Circle of Life, A Short Mass for Mixed Choir & Piano - Part 2: Gloria

3. Wisdom and Transition (Sanctus)

Bert Handrick: The Circle of Life, A Short Mass for Mixed Choir & Piano - Part 3: Sanctus

4. Enlightenment (Agnus Dei)

Bert Handrick: The Circle of Life, A Short Mass for Mixed Choir & Piano - Part 4: Agnus Dei

 

Øvings- og konsertplanen:

 

  • Onsdagar, kl. 19.30 - 22.00 - Volda kyrkje:
        • 11. februar 2026
              • Første samling med presentasjon av verket
              • Kyrie eleison
              • Agnus Dei
        • 25. februar 2026
              • Kyrie
              • Agnus Dei
        • 11. mars 2026
              • Gloria
        • 25. mars 2026
              • Gloria
              • Ola Gjeilo: Serenity
        • 8. april 2026
              • Sanctus
        • 22. april 2026
              • Sanctus
              • Ola Gjeilo: Serenity
  • Øvingslaurdag, kl. 11.00 - 16.00 - Volda kyrkje:
        • 25. april 2026
              • Gloria
              • Sanctus
              • Reprise: Kyrie + Agnus Dei
              • Ola Gjeilo: Serenity
  • Onsdagar:
        • 6. mai 2026
              • Satsar frå The Circle of Life etter behov
              • Ola Gjeilo: Serenity
        • 20. mai 2026
              • Satsar frå The Circle of Life etter behov
              • Ola Gjeilo: Serenity, med cellist
        • 27. mai 2026
              • Heile programmet
  • Konserthelg: (konkret tidsplan kjem seinare)
        • Fredag 29. mai 2026 - Volda kyrkje, øving med organist, pianist og cellist
        • Laurdag 30. mai 2026 - Volda kyrkje
        • Søndag 31. mai 2026 - Volsdalen kyrkje
Tilbake