"Jauchzet, frohlocket" - Med jublande tonar mot jul


"Jauchzet, frohlocket" - Med jublande tonar mot jul


Sunnmøre Oratoriekor og lokale solistar med framføring av J. S. Bach sitt Juleoratorium i Volda kyrkje og Spjelkavik kyrkje

«Det er jo så kjekt at dette har blitt ein tradisjon», fekk aktørane høyre frå publikummet etter fjorårets framføring av verket. Og dei har rett i det. Finns det noko betre å byrja jula enn med den finaste musikken ein kan tenkje seg til Juleevangeliet, nemleg Johann Sebastian Bach sitt Juleoratorium?

No er det snart tid igjen for å kunne høyre på dette flotte, storslagne verket. Sunnmøre Oratoriekor inviterer saman med sine samarbeidspartnarar Borgund kyrkjekor og Spjelkavik kyrkjekor til Volda kyrkje og Spjelkavik kyrkje laurdag og søndag i 3. adventhelg. Med seg har kora fire stort sett lokale songstjerner og eit samstemt Sunnmøre Kammerensemble.

Dei første tre delane av Juleoratoriet som skal framførast 3. adventhelg, fortel om hendingane rett før og etter Jesu fødsel. Tekstgrunnlaget for forteljinga er Lukas-evangeliet som vert sitert etter Martin Luther si omsetjing til tysk. Bach brukte gjerne originale bibelsitater som grunnlag i sine kyrkjemusikkverk. Desse tekstane sto som regel i samsvar med høgtidsgudstenesta si lese- eller preiketekst. Tenorsolisten si oppgåve er å presentere desse tekstane i resitativform, akkompagnert berre med cello og orgel. I ei anna resitativform og i ariar vert desse bibeltekstane reflektert over og overført i vår tid. Kjensler og tankar kring innhaldet som vi alle kan ha i ulike livssituasjonar, vert vekka i oss. Vi som lever i dag, vert så ein del av denne forteljinga. På denne måten vert heile juleevangeliet levande att – her og no. Det er den store kunsten som har gjort at Bach sitt Juleoratorium har vore så populær over heile verda og i mange, mange år. Koret si oppgåve er å vere ein del av det jublande folket som vil helse sin frelsar velkomen, eller representerer gjetarane på Betlehemsmarka eller den store englehæren som jublar «Ehre sei Gott in der Höhe - Ære vere Gud i det høgste».

Solistane som er med i år, har stort sett lokal tilknyting. Sopransolist er den unge lovande songstjerna Louise Engeseth som har sitt opphav i Volda. Ho er mastergradstudent ved operaakademiet i København  og har allereie vunne mange prisar for sin songkunst. Hennar tidlegare studiekollega frå tida på Grieg-akademiet i Bergen, Maria Haukenes Malmedal, skal syngje altpartiane. Ho har vore med oss i framføringa for to år sidan og blei godt likt både blant publikummet og koristane gjennom si kjenslelada tolking av ariane. Tenorsolisten er Magnus Fremstad som har utdanning frå Musikkhøgskulen og Operahøgskulen i Oslo. Han er ein prislønna og ettertrakta solist og har jobba saman med ensemble som Kilden Vokalensemble, Vokal Nord og Det norske solistkor. Trass sin unge alder, har han eit stort repertoar både innan opera og kyrkjemusikk – frå Händel, Bach og Mozart til Schubert og Cimarosa. Han har også vore solist med Cæciliaforeningen under deira framføring av Den forlorne sønn av Catharinus Elling. Og så har vi med oss Magne Fremmerlid som bass-solist. Han er frå Skodje og har si musikkutdanning frå Rogaland Musikkonservatorium i Stavanger. Han er vel mest kjent som operasongar og har hatt mange store roller i inn- og utlandet. Men han er også ein veldig aktiv oratoriesongar med framføringar i ulike land.

Musikarane i Sunnmøre kammerensemble er stort sett også lokale og har vore med tidlegare også. Ein kan nemne fiolinsolisten og konsertmeisteren, Øystein Salhus. Han er utdanna fiolinist og musikkterapeut og jobbar ved Høgskulen i Volda. Cellisten som skal akkompagnere tenoren i sine resitativ, er Brage Botn Seim. Han har vakse opp i ei musikalsk familie som har røter i Volda. Organist er Ola Eide, tidlegare kantor i Spjelkavik kyrkje, som skal akkompagnere tenorsolisten under evangelieforteljingane sine og elles i verket. Fløytistane Oskar Slettfjerding og Yuri Hashimoto frå Ålesund og oboistane Eirik Sletteberg, Marcus Bitsch Nielsen, Lluis Calm Vidal og Aurora Remme har soloroller i ulike satsar. Trompetistane Aksel Holdhus frå Bergen, Leif Atle Strand og Ylva Torine Thon (begge frå Ørsta) saman med Alexander Minkov frå Volda på paukene skal løfte den jublande musikken opp mot taket. Og så har vi med den trufaste strykargruppa med Morten Stene, Kari Standal Pavelich og Ove Kvangarsnes (fiolin), Nikolai Remme, Inna Svendsen (bratsj), Kai Johannes Evensen (cello) og Torleif Remme (kontrabass) som dannar fundamentet og karakteristikken i orkesteret.

Dei tre kora har jobba lokalt med førebuinga under leiing av sine kantorar Kjetil Kvangarsnes (Borgund kyrkjekor og Spjelkavik kyrkjekor). Bert Handrick, kantor i Volda, har instruert Sunnmøre Oratoriekor sidan oktober og står for dei samlande øvingane med kora og orkesteret i forkant og direksjon av konsertane.

Innbyggjarane på Sunnmøre og gjestane deira kan gle seg til ei praktfull framføring av eit jublande verk rett før julehøgtida skal senke seg i hjartane våre. Ein finare overgang frå advents- til juletida finns truleg ikkje – musikalsk sett. Velkomen skal alle vere!

 

Konsertoversikt:

Laurdag 13. desember 2025 kl. 18.00 - Volda kyrkje

Søndag 14. desember 2025 kl. 18.00 - Spjelkavik kyrkje

Billettar:

Billettpris: 400,- NOK (gratis for born under 16 år)

Forhandssal: via VIPPS (#34392 - Sunnmøre Oratoriekor - konsertbillettar) - hugs å vise fram mobilkvitteringa i døra

Tilbake