Odd Kåre Fløtre gjest på tomasmesse


Odd Kåre Fløtre gjest på tomasmesse


Søndag 7. april klokka 19 er trubadur og maestro Odd Kåre Fløtre gjest på tomasmesse i Volda kyrkje. Tomasmessa er ei enkel kveldsgudsteneste med bønevandring og nattverd - og samtalen mellom Odd Kåre og fungerande sokneprest Rolf Schanke Eikum kjem i staden for preika. Etterpå er det kveldsmat for alle på Uppheim. Vel møtt!

Odd Kåre Fløtre braut igjennom med si stemmeprakt som vinner av finalen i Norgesmeisterskapen i Kareoke i 1995  som «beste mannlege vokalist». Frå 1996 dreiv han på fulltid som showman og reiste rundt i bygd og by. Han har og vore med i diverse danseband. Han har sunge  og etterlikna Jim Reeves, Johny Cash og Elvis Presley m.fl. Det som kjenneteiknar desse artistane, er deira gudstru og gode blanding av åndelege og verdslege songar.  I staden for tale , vil vik. sokneprest Rolf Schanke Eikum intervjua Odd Kåre litt om hans liv, om hans forhold til kyrkje, kristendomen og Gud, ja, om tru og tvil. For søndagens evangelium handlar om Tomas som ikkje kunne tru før han såg.

Tomasmessa har ein open og enkel liturgi, gir rom for ettertanke, ein stad der tru og tvil kan møtast, ei vandring i trua og tvilen sitt landskap. Sentralt i gudstenesta er bønevandringa der du kan vitje ulike stasjonar i kyrkjerommet, tenne lys og ta i mot nattverden m.m. Eller du kan sitte i stille ettertanke og høyre fin song musikk.

Det vert kveldsmat på Uppheim etterpå.

 

(Foto: Rolf Schanke Eikum)

Tilbake