Kyrkjemusikkveka 2024


Kyrkjemusikkveka 2024


I år vert Kyrkjemusikkveka arrangert i samband med biskopen i Møre sitt besøk i Volda 19.–28. april. Kvar kyrkje i kommunen vil få sitt arrangement - frå salmekveld via konsert med lokale musikkkrefter til festgudsteneste.

Fredag 19. april 2024 kl. 18.00 – Hornindal kyrkje

              Salmekveld

  • ein "Salme-ynskje-kveld" der kyrkjelyden har levert sine songynskje i forkant.
  • musikarane tek også opp spontane ynskje frå frammøtt publikum.
  • medverkande: Magne Maurset, Kristina Tveitdal Tomasgard, Christine Helgesen, John Inge Leira Bjøringsøy (trøorgel), Morten Bollerud (trekkspel), Erlend Koppen (piano), Bert Handrick (orgel, piano)
  • Kollekt ved utgangen
  • kyrkjekaffi etterpå

 

Laurdag 20. april 2024 kl. 19.00 – Dalsfjord kyrkje

              Konsert med lokale musikarar I

  • Dalsfjord er kjent for sitt rike musikkmiljø.
  • Konserten tek salmeskatten som utgangspunkt for innhaldet. Det blir både framføringar og allsong.
  • med Erlend Koppen (orgel, piano), Hanne Benedikte Drabløs og Hildegunn Hovde (song), Guro Gjøsdal (dikt), Dalsfjord mannskor, Lauvstad musikkorps, Dalsfjord Bluegrassband, Visitasbandet
  • billett: 100,- kr

 

Søndag 21. april 2024 kl. 11.00 – Kilsfjord kyrkje

              Jubileumsgudsteneste – 50 år Kilsfjord kyrkje

  • Kilsfjord kyrkje feirar sitt 50 års-jubileum i år med denne festgudstenesta. Kilsfjord sokneråd er arrangør.
  • Medverkande: Erlend Koppen (organist), Fjordafolk (dirigent: Erlend Koppen), Folkestad/Tonika musikkorps (dirigent: Inger Anne Kvamme), Ragna Hofset Kile (dans)
  • Deltaking av konfirmantar, tårnagentar o.a.
  • Kyrkjekaffi etterpå

 

Tysdag 23. april 2024 kl. 14.00 – Jensagarden på Bjørke

              Intimkonsert på Jensaløda

  • organist på Bjørke, John Inge Leira Bjøringsøy, skal vise biskopen i Møre rundt på garden sin, men også vere vert og solist for ein halvtimes konsert i løda si. Det vert jazzinspirert piano- og trøorgel-improvisasjon.
  • Kollekt

 

Onsdag 24. april 2024 kl. 9.00 – Volda kyrkje

              Morgonmesse

  • Prestevikar Rolf Schancke Eikum og kantor Bert Handrick har liturgisk og musikalsk ansvar
  • det blir klangimprovisasjon på piano og orgel

 

Fredag 26. april 2024 kl. 18.00 – Austefjord kyrkje

              Konsert med lokale musikarar II

  • Musikkmiljøet blomstrar også i Austefjord og nærliggande grender, og det skal visast fram.
  • Medverkande: Oleksandr Cherniavsky (piano), Knut Sverre Nes (song), Kristine Sofie Orheim Hansen (fiolin), Austefjord hornmusikk, Morten Bollerud (trekkspel, piano), Bert Handrick (orgel) og fleire.
  • Kyrkjekaffi etterpå.
  • Billett: 100,- kr

 

Søndag 28. april 2024 kl. 11.00 – Volda kyrkje

              Visitasgudsteneste

  • Biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme, prost Ingeborg Matre og sokneprest Per Kristian Hovden Sætre har liturgisk ansvar mens kantor Bert Handrick står ansvarleg for det musikalske
  • medverkande: Volda kyrkjekor med songarar frå Fjordafolk og Volda Vokal, Leif Atle Strand, Per Gunnar Flø, Arild Andenes (alle tre trompet), Alexander Minkov (pauke), Bert Handrick (kantor)
    • Framføring av m.a. salmearrangementet "Lovsyng vår Herre, den mektige kongen" for 3 trompett, pauke og kor
    • Volda kyrkjekor skal syngje også "Agnus Dei" frå Missa brevis voldensis op. 40 som kantor Bert Handrick har komponert til koret
Tilbake