Søndag 17. mars klokka 19.30 inviterer soknerådet i Volda til temakveld på Uppheim under overskrifta "Mi trusreise." Studentprest Ruth Eva Sollie og svært erfarne frivillige medarbeidar Odd Ragnar Hunnes deler sine historier. Det vert kveldsmat, song og samtale kring borda. Vel møtt!
Kvelden startar med kveldsmat, før Ruth Eva og Odd Ragnar vert intervjua av Jan Ove Ulstein.
Ruth Eva Sollie omtalar seg sjølv som "sørlending med hjartet i Japan som fann kjærleiken på Sunnmøre." Ho er studentprest på Høgskulen i Volda og sekretær for prosten på Søre Sunnmøre. Ho samanfattar trushistoria si under overskrifta "tvilande, håpande, overgjeven." Odd Ragnar Hunnes er pensjonist etter ein lang karriere i mange stillingar i skuleverket og på Høgskulen, der han vart dosent i samfunnsfagdidaktikk. Han har vore frivillig i det kristelege arbeidet i Volda i mange roller og på mange måtar. Han fortel om ei trusreise som går frå barneår og gjennom heile livet.