Biskop Ingeborg Midttømme besøker sokna i Volda 20.–28. april. Jubileum i Kilsfjord 21. og stor visitasgudsteneste i Volda 28. april vert mellom høgdepunkta.
Biskopar held visitas i kyrkjene dei har tilsyn med omlag kvart sjuande år. I 2024 kjem Møre biskop Ingeborg Midttømme på besøk til dei seks sokna i Volda. I tillegg til gudstenestene desse to aprilsøndagane, vert det eit rikhaldig program med konsertar, kulturkveld, barnehagegudsteneste, bedrifts- og skulebesøk. I løpet av ni dagar skal biskopen besøke alle dei seks sokna i kommunen.
Laurdag 20. april er biskopen med under konserten i Dalsfjord kyrkje klokka 19. Dalsfjord mannskor, Lauvstad musikkorps, Dalsfjord bluegrassband, Hildegunn Hovde, Guro Gjøsdal, Hanne Drabløs, visitasbandet og organist Erlend Koppen står for musikken. Konserten er open for alle, inngang kroner 100.
Søndag 21. april er biskopen i Kilsfjord og tek del under feiringa av Kilsfjord kyrkje sitt femtiårsjubileum. Det vert storslagen jubileumsgudsteneste klokka 11 med jubileumsmiddag på Folkestad kulturhus etterpå.
Tysdag 23. april er biskopen i Hornindal, Storfjorden og Austefjorden. På programmet står barnehagegudsteneste, gardsbesøk på Jensagarden, bedriftsbesøk på Bakketunet og med Hjørundfjordstrikk, fagmøte med dei tilsette og møte med sokneråda og fellesrådet på kvelden. Alle er velkomne til å ta del på:
- Barnehagegudsteneste i Hornindal kyrkje klokka 10
- Intimkonsert med John Inge Bjøringsøy i Jensaløda på Leira klokka 14
Onsdag 24. april er biskopen i Volda. Det vert bedriftsbesøk hos Vertikal service og skulebesøk på Volda ungdomskule, i tillegg til samtalar med medarbeidarar i Volda. Biskopen tek del på diakonisamling på Fjordsyn på kvelden. Alle er velkomne til å vere med på morgonmesse i Volda kyrkje klokka 9.00.
Torsdag 25. april møter biskopen leiinga i Volda kommune og har fleire møte og samtalar med medarbeidarar i Volda. Ho er også med på andaktene på Volda omsorgssenter på føremiddagen og deltek på middagen på Uppheim. Alle er velkomne til å vere med på middag på Uppheim klokka 16.
Laurdag 27. april er biskopen med på medarbeidarfest på Uppheim frå klokka 18. Alle som har ei stor eller lita oppgåve i kyrkjelydane i Volda, eller gjerne kunne tenkje seg å ha det, er velkomne til kulturprogram med Jorunn Marie Kvernberg, Ove og Kari Laila Aksnes, improvisasjon med Morten Bollerud og Arild Andenes og mykje meir, med kveldsmat og bordkonkurransar etterpå.
Søndag 28. april held biskopen visitasgudsteneste i Volda kyrkje klokka 11. Volda kyrkjekor, songarar frå Volda Vokal og Fjordafolk, prestane, andre tilsette og frivillige er også med, det er søndagsskule for borna, og alle er hjarteleg velkomne! Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi med visitasføredrag på Uppheim.
I tillegg til biskopens program skøyter vi på litt ekstra. Årets program for kyrkjemusikkdagane i Volda er samkøyrt med visitasen og kan i tillegg til arrangementa ovanfor by på salmekveld i Hornindal fredag 19. april kl. 18.00 og konsert i Austefjord kyrkje fredag 26. april kl. 18.00. Sjå nærare omtale i saka om kyrkjemusikkveka her!