Jostein Stråbø, Iryna Sytnyk, Milan Ilic. Astrid Gjersdal, Morten Bollerud og Wendi Stråbø inviterer til julefeiring på Uppheim på Julaftan.
Foto: Janna Ilgner
Julegjengen med Wendi, Jostein og Milan i spissen opnar dørene på Uppheim på Julaftan. Har du lyst til å feire jul i lag med fleire er dette arrangementet for deg. Det vert ei julefeiring med julebuffé med mange alternativ: tradisjonell norsk julemat, vegetarmat og rettar frå andre kulturtradisjonar, dessert og kaker. Før julemiddagen vert det ope i romma i underetasjen for mingling, enkel servering og prat. Det blir høve til å sjå ein tradisjonell julefilm for dei som vil. Kl. 17.15 opnar vi dørene til festsalen der det blir middag, julesongar, program, dessert og julekaker. Gang kring treet og julegåver til slutt! Vi er så heldige å ha med oss Morten Bollerud som vil glede oss med sin musikalitet. Arrangementet er gratis, takka vere ei raus gåve frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre. Det er Internasjonal kafe på Uppheim som står bak arrangementet i samarbeid med Re:Act Volda, Green Fingers (Den norske kyrkja) og Frivilligsentralen i Volda.
Har du lyst til å bidra, med praktisk hjelp før (22. desember), under arrangementet, programinnslag eller bidrag til buffeen, ta kontakt med Wendi Stråbø.
Meld deg på innan 14. desember ved å fylle ut påmeldingsskjemaet.
eller ved å ta kontakt med Astrid Gjersdal på tlf. 91725639