J.S. Bach: Juleoratorium (1,4-6)


J.S. Bach: Juleoratorium (1,4-6)


Volda kyrkje laurdag 9. desember kl. 18.00.

Sunnmøre Oratoriekor + Molde domkantori
Oratorieorkester
Bert Handrick, Tone Synnøve Øygard Steinkopf (dirigentar)
Solistane er:
Louise Engeseth og Hanne Marit Mordal Iversen (sopran), Maria Haukenes Malmedal (alt), Hallvar Djupvik (tenor), Ole Strøm (bass).
Bach sitt storverk fortel om jula sitt under. Kantantene 1 og 4 til 6 som stor på programmet i denne konserten, har hovudsakleg hendingane etter Jesu fødsel som tema: redselen som spredde seg ved hoffet til kong Herodes når han fekk høyre om den nyfødde kongen, og ankomst til dei tre vise menn som kom frå morgonlandet for å sjå det underfulle barnet som dei hadde fått vite frå (stjerne)himmelen.
Vel møtt til ein storslagen konsert med mektige korsatsar, kjensleladde arier og koralar.
Billett: 350,- kr (born under 16 år - gratis) i døre eller på Tikkio.com (369,- kr)

Tilbake