Di stemme tel i kyrkjevalet


Di stemme tel i kyrkjevalet


Er du ein av dei 3,5 millionane som er medlem i Den norske kyrkja? Då er stemma di viktig i kyrkjevalet! Når du stemmer, gir du ein tommel opp til kyrkjelyden din, og du er med på å bestemme kven som skal leie den framover.
 

Kyrkja er til stades over alt i Noreg. Den tek del i kvardagsliva våre og ved større og mindre hendingar i livet. I sorga og festen, i trøysta, songen, leiken og gleda. Kyrkja er open for alle, frå vogge til grav. Kyrkja har rom for deg! 


Korleis vil du at kyrkja skal vere? Ved kyrkjevalet 10.-11. september har du høve til å påverke: På same tid som det er val til kommunestyre og fylkesting i eit vallokale like ved, kan du også stemme fram kven som skal leie kyrkja på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Nytt av året er at du kan førehandsstemme digitalt. Det gjer du på kyrkjevalet.no frå 10. august til og med 6. september. Du kan òg førehandsstemme fysisk i desse vallokala i perioden 10. august til 8. september:

Volda kyrkjekontor: måndag, tysdag, torsdag, fredag kl. 10.00 - 14.00
Volda kyrkjekontor: onsdag  kl. 12.00 - 16.00
Volda kyrkjekontor: torsdag 31. august kl.15.00 - 20.00

Kilsfjord kyrkje: søndag 13. august kl. 12.00 - 13.00 (rett etter gudstenesta kl.11.00)
Bjørke kyrkje: søndag 13 august kl. 20.00 - 21.00 (rett etter gudstenesta kl.19.00)
Hornindal kyrkje: søndag 20. august kl. 12.00 - 13.00 (rett etter gudstenesta kl.11.00)
Austefjord kyrkje: søndag 27. august kl. 12.00 - 13.00 (rett etter gudstenesta kl.11.00)
Volda kyrkje: søndag 27. august kl. 12.00 - 13.00 (rett etter gudstenesta kl.11.00)

To val
Kyrkjevalet er to val: Du kan stemme på kandidatar til soknerådet og til bispedømeråd og Kyrkjemøtet. 
Til soknerådsvalet i dei seks sokna våre har mange flotte medlemer sagt ja til å vere kandidatar til sokneråda og leie kyrkjelydane dei fire neste åra. I soknerådet stemmer du på enkeltpersonar. Du har høve til å gje inntil tre kandidatar ei ekstrastemme. Kandidatane med flest stemmer blir med i rådet. I kvart av sokna er det ei liste ved til valet, som soknerådet si nominasjonskomité står bak. 
Du finn listene her:

Austefjord sokn
Dalsfjord sokn
Hornindal sokn
Kilsfjord sokn
Storfjorden sokn
Volda sokn

I val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet er du med på å bestemme kven som utgjer bispedømmerådet. Kvart av dei elleve bispedøma i landet vårt har eit bispedømeråd. Rådet tilset blant anna prestar og leier bispedømet saman med biskopen. Medlemene av bispedømerådet er også medlemer av Kyrkjemøtet, det øvste representative organet i Den norske kyrkja. Når du stemmer i bispedømerådsvalet er du dermed også med på å avgjere kven som utgjer Kyrkjemøtet. I dette valet stemmer du på ei liste. Listene legg vekt på ulike saker dei vil arbeide for i kyrkja. I Møre bispedøme stiller Bønnelista, Frimodig kirke, Nominasjonskomiteens liste og Åpen folkekirke lister.

Du finn listene her:

Møre bispedøme


I begge vala er det høve til å gjere endringar på listene, til dømes å gje personstemme til enkelte kandidatar. Kva for endringar det gjeld, og korleis endringane påverkar valresultatet, kan du lese meir om på kyrkjevalet.no. 

Godt val!

Visste du at…

* Ca. 3 millionar nordmenn har rett til å stemme ved kyrkjevalet 10.-11. september.
* Du må vera døypt for å vera medlem i Den norske kyrkja.
* Ungdom har stemmerett i kyrkjevalet frå året dei fyller 15. 
* Eit sokneråd har 4-10 medlemer, i tillegg til soknepresten. Medlemene har ulik utdannings- og yrkesbakgrunn og mange er også aktive på andre arenaer i lokalsamfunnet. 
* Til saman skal om lag 7000 rådsmedlemer blir stemde inn i kyrkjevalet 2023.

Tilbake