Påskefeiring i Voldakyrkjene


Påskefeiring i Voldakyrkjene


Vi nærmar oss påske- vel møtt til kyrkje!

Påskehøgtida er den største høgtida i den kristne trua: "Heile livet på ei veke" har prest og forfattar Karsten Isachsen sagt. Frå jubel og lovsong palmesøndag, til måltid, fellesskap og uro på skjærtorsdag, til liding og død langfredag, heilt fram til det utrulege og utenkelege påskedag: Grava er tom, Jesus møter oss igjen!

Å gå til gudsteneste i påska er å leve med i dette, og det er å vere med på å finne meining, håp og glede i dette på nytt. Kvar gudsteneste har sitt særpreg, med eigne tekstar, salmar og bøner. Å følgje Jesus gjennom dei ulike påskedagane kan opne opp nye rom for tru i oss!

Til saman feirar vi 12 gudsteneste i dei seks sokna i Volda gjennom påska. Her finn du oversikta over alle. I tillegg kan ein delta i påskenattsmessa i Ørsta kyrkje påskeaftan, 8.april, kl 23.

God påske - vel møtt til kyrkje!

Tilbake