12-konsert: Hareid kammerkor


12-konsert: Hareid kammerkor


Laurdag 18. mars kl. 12 gjestar Hareid kammerkor Volda kyrkje. Vel møtt til konsert!

Laurdag 18. mars kan du høyre Hareid kammerkor med dirigent Øyvind Granden Berg. Då opptrer dei under 12-konserten i Volda kyrkje.

Koret kjem frå songbygda Hareid, har 37 songarar og er rekna som eitt av kvalitetskora på Sunnmøre. Dei har bak seg ei rekke konsertar og opptredenar rundt om i fylket og andre stader i landet. Utanlandsturar har det og vorte, både til Polen og Italia. For nokre år sidan hadde koret eigen konsert i San Laurizio-kyrkja i Roma, på den turen song dei og under ei pinsemesse i Peterskyrkja.

Hareid kammerkor har eit breitt repertoar av både religiøse og profane songar. Under 12-konserten i Volda laurdag, syng dei frå si rikhaldeige tonesamling med komposisjonar av Durufle, Tallis, Kvandal, pluss andre arrangement av t.d Knut Ree, J. Blomquist og koret sin eigen dirigent.

Midt i programmet har fløytist og dirigent for koret, Øyvind Granden Berg ei eiga avdeling

Songarane i Hareid kammerkor har lenge gledd seg til å synge i den ekstraordinære, og gode akkustikken «Sunnmørskatedralen». Koret lovar ei fin stund med vakker korsong og fløytemusikk, og ynskjer alle hjarteleg velkomne til 12-konserten f.k. laurdag.

Tilbake