Fredag 17. mars klokka 19 held Aleksander Raftevold og Sebastian Berg konsert i Hornindal kyrkje. Dei to nordfjord-musikarane dykkar ned i gamle viser og tradisjonsmusikk og gjev musikken moderne drakt. Vel møtt!
Dette er ein stemningsfull og varm konsert, som svingar seg mellom nostalgi, varme og kjære tonar som blir foreviga i moderne drakt.
Aleksander Raftevold og Sebastian Berg har vakse opp på Nordfjordeid og har bakgrunn frå både kulturskulen og Operaen på Nordfjordeid. Raftevold har ein bestefar frå Hornindal som har introdusert han for mykje viser og tradisjonsmusikk. Berg er fødd i Sverige og kjem frå ein kultur med rike visetradisjonar. Saman har dei fordjupa seg i eit repertoar som rommar alt frå Prøysen, Sande og salmar til gamle tradisjonsmelodiar,. Nokre verk er sette saman av nordiske melodiar og nordiske dikt.
Til dagleg jobbar dei saman i prosjekta Aleks Grey og Tim Voilhat, samtidig som dei jobbar driv Pytt Studio i Oslo. Der jobbar dei saman med bla. Didrik Solli-Tangen, Oslo filharmoniske for. Hausten 2022 jobba dei med Verdens Beste Venner for NRK1. Dei har også laga innslag til NRKs 17. mai sending i samarbeid med KORK i tillegg til Kvelden før kvelden.
Billettar til konserten i Hornindal kyrkje kjøper ein i døra:
Vaksen: 250,-
Ungdom: 125,-
Born opp til 12 år går gratis.